Med Ringøy Camping som base har du kort veg til ei rekkje opplevingar. Nedanfor er nokre forslag til kva du kan sjå og gjere i Hardanger. For meir inspirasjon sjå www.hardangerfjord.com eller besøk turistinformasjonen i Kinsarvik.

  • ringoy camping 106
  • ringoy camping 69
  • ringoy camping 105
  • ringoy camping 108
  • ringoy camping 24
  • ringøycamping trolltunga Logolink
  • ringoy camping 123
  • ringoy camping 65
  • ringoy camping 126
  • ringoy camping 94
  • ringoy camping 107


Mikkelparken for dei minste

Frå Ringøy Camping tek det berre ti minutt å køyra til den populære Mikkelparken i Kinsarvik. I Mikkelparken har dei badebasseng med sklier, trampoline, trøbilar, kaniner og andre dyr. Du kan også helsa på Mikkel og Mikkeline. Les meir om parken her.

Festivalar
Hardanger er mellom anna kjend for dyrking av eple og moreller, og difor høyrer blømingsfestival og morellfestival med! Du kan lesa meir om dei spesielle festivalane her.

Naturopplevingar
Det er ikkje utan grunn at turistar frå heile verda kjem til vakre Hardanger. Dei vil sjå høge fjell, glitrande fjord og rekkjer på rekkjer med frukttre. Her er mange fjelltoppar å bestiga og fossar å sjå. Ringøy Camping ligg sentralt, og kjende attraksjonar som Vøringsfossen og Trolltunga er ikkje langt unna.

Utflukter
Frå Ringøy kan du ta dagsturar til andre populære reisemål, som tildømes Ulvik, Voss og Bergen. Til Voss tek det berre 40 minutt med bil. Her er det masse å sjå og oppleva, alt frå shopping til flyging i vindtunnel. Les meir om Voss her.

Fiske
Mange fiskeentusiastar kjem tilbake til Ringøy Camping gong etter gong. Campingen ligg fint til heilt nede ved fjorden, og frå kaia kan du sjøsetja din eigen båt, eller du kan låna vår. Merk at du må ha fiskekort om du skal fiska i ferskvatn. Fiskekort kan kjøpast på turistinformasjonen i Kinsarvik.