• ringoy1
  • ringoy2
  • ringoy3
  • ringoy4
  • ringoy5
  • ringoy7
  • ringoy8
  • Campingplass
    rett ved fjorden

  • Hytte i eplehagen med fantastisk utsikt!

  • Ideelt for fiske, sport
    og bading

  • Perfekt som base for fjellturar

  • Lån gjerne båten og prøv
    fiskelykka du og!

  • Hardangerfjorden - eit ynda turistmål

  • Oksen - ein av mange fjelltoppar i området

Velkomen til Ringøy Camping!

Ringøy Camping ligg idyllisk til ved Hardangerfjorden og har god plass til bubil, campingvogn og telt. Hjå oss kan du også leige hytta "Dreiarstova" som ligg midt mellom epletrea, med ein eineståande utsikt over fjord og fjell.

Campingplassen er ideel som base for ekskursjonar til kjende attraksjonar i Hardanger. Med Hardangerbrua som vart opna i august 2013, er det heller ikkje langt til Voss, Granvin og Ulvik.

Campingen har ei lita båthamn for småbåtar og kanoar. Her er du også velkomen til å laga bål med ved som vertane står for.

Campingen er open frå 19.5 - 15.9. Grupper kan reservere plass utanom sesong på førespurnad.

Me håpar du vil trivast her.

Velkomen til fredelege Ringøy! 

  • Platå for bubil og campingvogn
  • Hytte
  • Bålplass med ved
  • Båtuleige
  • Gratis Wifi

Kontaktinfo

Adresse: Ringøy Camping, 5780 Kinsarvik, NOREG, Telefon: (+47) 481 93 162, E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Kart: Du finn oss her.